继续 . |! C" `. G: d0 L* L
+ _) r; L7 X7 B- ?2 P
以下是挪威文 原地址 http://skottbenk.wordpress.com/om/5 g* W. m o, L9 y% c2 b" i
Om Norsk Skottbenk UnionNorsk Skottbenk Union er ei eksklusiv foreining for eigarar av skottbenkar som dei sjølv har laga. Vi starta opp i 2010 i etterkant av eit eige kurs i snikring av skottbenk under Handverksdagane på Røros. Vi har som mål å stimulere til auka bruk av skottbenk og tilhøyrande verktøy og spreie kunnskapen om dette. Vi har vårt utspring i Noreg og har også størstedelen av medlemmar her. Vi har gode støttespelarar i Sverige som også har tilsvarande arbeidsbenkar som skottbenken, her kallast dei “fogbock” eller liknande. I Danmark kjenner vi tilsvarande til ordet “fugbænk” som er det same som skottbenk. Skottbenk frå garden Kverndal i Målselv Kommune. Benken har tidlegare truleg hatt stramming med skruvar men er no tilpassa bruk med kilestramming. Foto: Siv HolminEin skottbenk er ein arbeidsbenk som brukast når ein med handhøvel skal rette kantar på bord, gjerne til pløgde golvbord. Benken har som regel to lange bord som er montert på to føter på ein slik måte at ein kan spenne fast borda som skal høvlast mellom dei to lange borda. Dei to langborda har ein heilt rett og plan overkant som nyttast som anlegg for djubdestopp for meiane på skottoksen eller ploghøvlane. Roald Renmælmo høvlar fjør med ploghøvelen. På kvar side har plogen ein meie som gjer at høvestålet ikkje får ta meir når det når ned på overkant av langborda. Skottbenken er ein noko nedkorta kopi av skottbenken frå Kverndal i Målselv. Foto: Roald RenmælmoNorsk Skottbenk Union er ei samanslutning av handverkarar med interesse for historisk snikkarhandverk. Mange av oss arbeider med restaurering av gamle trehus og prøvar å arbeide med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar. Det kan vere sparsamt med kunnskap og kompetanse å støtte seg på i ein del av dette arbeidet. Vi kan støtte oss på spor som vi finn i det aktuelle huset, vi kan finne verktøy lokalt som vi kan knyte til desse spora og vi kan kanskje også finne nokon som har kunnskap som er nyttig? Kjeldene vi har å støtte oss på, er for det meste “tause” (verktøyspor og gamalt verktøy) og “snakkar” berre til oss gjennom våre eigne erfaringar. Ved å arbeide med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar så byggjer vi opp meir erfaring som gjer at vi kan forstå desse “tause” kjeldene på nye måtar. Ved å dele våre erfaringar på denne bloggen kan vi prøve å skape ein kollektiv erfaringsbank som vi kan ha gjensidig nytte av. Vi kan også aktualisere skottbenkar og verktøy i samlingane til musea på ein ny måte ved å setje desse inn i ein kontekst som er forståeleg for folk. Norsk Skottbenk Union er avhengig av at du skal bidra i vårt fagmiljø slik at vi kan spreie kunnskapen om skottbenken. Det er mange skottbenkar som ventar på å bli oppdaga rundt om i verden. Det kan vere vanskeleg å oppdage skottbenkar mellom mykje anna “skrot” i dei bygningane dei ofte er sett bort i. Skottenkane har sjeldan vore brukt dei siste 60-70 år og då har ikkje dei yngre generasjonane kjennskap til kva dei tilsynelatande merkelege greiene er for noko. Slik er det vanleg å finne skottbenkar. Dette frå eit museum som har registrert og tatt vare på skottbenken. Skottbenkane tar veldig stor plass så det høyrer til unntaka at dei er plassert slik at dei kan fotograferast på ein enkel måte. Foto: Roald RenmælmoDet er viktig at dei som kjenner til gamle skottbenkar eller kjem over slike tar seg tid til å gjere ei enkel oppmåling og tar nokre bilete som kan delast med oss her på bloggen. Det held lenge med lengdemål og dimensjon på langbord, høgdemål og foto som viser korleis foten er laga og fungerer. Sjølvsagt er det enda betre med ei skikkelig oppmåling som ender opp i ei teikning i målestokk eller ei målsett skisse. Kven som helst kan kommentere på bloggen. Om du vil poste på bloggen må du gjennom ein registreringsprosess. Det første som må gjerast er at du blir invitert til å bli bidragsyter på bloggen. Det kan du be om ved å sende e-post til Roald Renmælmo som er administrator. Du får då ein e-post frå WordPress der du blir beden om å lage ein wordpresskonto (trinn 1). Når du har kontoen aktivert (gjennom e-post godkjenning) kan du trykke på “Accept invitation” knappen i meldinga. Da er du registrert som bidragsytar og kan skrive postar. Dei første postane du skriv må godkjennast av administrator før dei kjem ut på nett . J8 ]7 k h8 {2 _6 t
5 r4 V7 V3 I4 a$ }5 I2 `, ~
|